To omkom etter ulykke på Moi

Av June Erdalsdal Kolstad

I går kveld klokka 21.15 køyrte ein bil av vegen og havna i vatnet i Moi sentrum.

– Det var tre tenåringsgutar i bilen. To av dei blei fløge til Haukeland universitetssjukehus. Vi har no mottatt beskjed om at dei to dessverre er omkommet, seie politiinspektør Lene Tesdal Tonstad.

Politiet har ikke oversikt over hendingsforløpet. Kriminalteknikarar og ulykkesgruppa frå Statens vegvesen har vore på åstaden og gjort sine undersøkingar.

– Vi kan ikke sei noko meir om årsak til ulykka før deira rapportar føreligge, seie Tesdal Tonstad

Politiet opplyse om at pårørande er varsla.

(NRK)