«JÆVLA DVERG»

Miriam Jasmin Vik (21).  Foto: Dina Flått

Tenk deg at du har toppkarakterer og høg utdanning. At du har ambisjonar og draumar om eit langt arbeidsliv. Men ute på gata haglar grusomme skjellsord. Fordommar og statistikk er mot deg.

Fride Audunsdotter Westvik

Miriam Jasmin Vik (21) er snart aktuell i dokumentarserien, Gigantene på NRK, om fotballlaget ho spelar på, der dei konkurrerte i verdsmeisterskapen. På fotballbana er Miriam fri og på lag med andre som er lik henne. Livet elles har også vore ein kamp. Ein kamp om rettferd og å bli sett for den ho er inne i seg, og ikkje dømt for den ho er utanpå.

Til vaneleg er ho student i Trondheim. Ho vil bli barnevernspedagog og skal snart prøve å kome seg ut i arbeidslivet, slik som andre håpefulle og nyutdanna studentar.

Miriam hadde sine første år i Sogndal som born. No i seinare alder ber dialekta hennar preg av opppveksten i fleire ulike vestlandsbygder.

Ho var tidleg i gong med fleire fritidsaktivitetar, som turn, fotball og alpint. Då ho vart eldre byrja Miriam å kjenne på at ho var annleis.

Dei andre vart mykje høgare og sterkare og ho slutta å spele fotball, til hennar store sorg.

Miriam har vore fosterborn og følt på kor viktig det er at nokon bryr seg. Slik fekk ho etterkvart omsorg for andre rundt seg. Ho gjekk derfor helse og oppvekst på vidaregåande i Florø. Men kjensla av å vere annleis vaks seg større og større. Og samfunnet stod ikkje alltid med opne armar.

Møtte tidleg motstand

Å vere kortvaksen kan by på fleire utfordringar. Ein av dei viser seg at det er vanskeleg å skaffe seg ein jobb. For Miriam vart dette heilt umogleg som ungdom.

Då alle venninnene til Miriam tente eigne pengar ville ho det same. Den unge jenta gjekk motivert frå butikk til butikk i heimbygda for å spørje om nokon trengte sommarhjelp.

Som liten hadde ho aldri tenkt på seg sjølv som annleis enn andre. Ho tenkte at også ho skulle klare å skaffe seg sommarjobb.

Men Miriam fekk aldri nokon sommarjobb som ung. Ho sende søknad etter søknad, men vart alltid møtt med nei.

Miriam møtte tidleg motstand i arbeidslivet, men har ein draum om å bruke stemma si til å hjelpe andre i same situasjon som ho var i. Foto: Dina Flått

– Eg møtte berre motstand og følte meg dømt ut i frå utsjånaden min. Det gjorde at eg blei lei meg og sint.

Ein av få

I Noreg bur det 5,5 millionar menneske. Av desse er 500 kortvaksne slik som Miriam. I Noreg er kortvaksne definert som 150 centimeter for kvinner og 161 centimeter for menn.

500 av 5,5 millionar i Noreg er kortvaksne. Illustrasjon: Datawrapper/Fride Audunsdotter Westvik

Ein ny rapport frå kompetansesenteret for sjeldne diagnosar, viser at kortvaksne er undererppresenterte i arbeidsmarknaden, dei slit med å finne jobb, går tidlegare ut av jobb på grunn av fysiske og psykiske plager, slit med å halde på ein jobb og får for dårleg tilrettelegging.

Miriam opplev at det er lite kunnskap om kortvaksne, og trur det var grunnen til at ho aldri klarte å skaffe seg ein sommarjobb som yngre. Ho studerer på tredje året og når ho er ferdig vil ho søke jobb som barnevernspedagog. Håpet hennar er at ho i framtida kan bruke erfaringane sine til å hjelpe andre, som er i den same situasjonen ho var i som born.

Det finst ikkje forsking som viser nøyaktig at kortvaksne systematisk blir diskriminerte når dei søker jobb. Men fleire opplev å ikkje bli innkalla til intervju om dei skriv på søknaden at dei er kortvaksne.

– Eg kjem ikkje til å skrive at eg er kortvakst i søknaden etter eg er ferdig med utdanning. Det er ei stor utfordring som vi kortvaksne møter på når vi skal ut i arbeidslivet, seier Miriam.

-Føler meg diskriminert

Ei som har streva med  å finne seg arbeid som kortvokst er Peggy Rognan (64) frå Tønsberg. Ho har vore ufrivillig ufør heile sitt vaksne liv. Ho har aldri kunne dratt på dyre feriar og har alltid måtte nøye seg med støtte frå NAV. Ho gjekk ut av vidaregåande med toppkarakterar og tok deretter høgare utdanning. Men eit ja frå ein arbeidsgjevar, til ein skikkeleg jobb ho kunne leve av, har ho aldri fått.

Ho har kjent på ei diskriminering som kortvakst, og seier fordommane sit langt inne i folk.

– Eg har alltid følt meg diskriminert, men det er ingen som snakkar høgt om problemet vi må handtere når det kjem til å skaffe seg ein god jobb vi faktisk kan leve av.

Når ho har søkt jobb har ho opplevd at andre med mindre utdanning og kompetanse enn henne har fått jobben.

– Eg blei så lei meg då eg såg det, seier ho.

Capella (5) og Peggy Rognan (64) Foto: Privat

I kvardagen får ho hjelp frå tjenestehunden Capella. Sjølv om Peggy aldri fekk arbeide som andre har ho hatt eit fint liv saman med mann og barn i Tønsberg.

Men ho fortel om eit liv der ho gong på gong har følt seg urettferdig behandla.

– Som ung var eg naiv og hadde trua på at eg skulle klare å få meg jobb, men den draumen vart tideleg knust. Eg har aldri spurt om å vere naver, eg skulle gjerne hatt litt meir pålegg på brødet mitt og kunne dra på ferie som dei fleste andre. Men det har aldri vore mulig for meg.

Peggy meiner også at tilbodet ho har fått gjennom NAV er langt frå godt nok.

– Hadde dei kunne skaffa meg ein jobb, hadde det vore supert, men eg har aldri fått eit slikt tilbod. Om ein er kortvakst og har jobb, føler eg at ein må kjenne nokon som kjenner nokon. Det er veldig urettferdig, seier ho.

God arbeidsevne

På kompetansesenteret for sjeldne diagnoser viser ein ny rapport at kortvokste er underrepresenterte i arbeidslivet.

– Kortvokste har god arbeidsevne, men vi ser at fleire slit med å få jobb. Særleg om dei er opne om det i søknaden, seier Brede Dammen, sosionom og rådgjevar hos kompetansesenteret på Sunnaas sjukehus.

Ein annan rapport viser at ein av tre kortvokste i Noreg er i jobb, sjølv om andelen av dei som har høgare utdanning er større.

1 av 3 kortvokste i Noreg er i jobb. Mange er ufrivillig ufør. Illustrasjon: Datawrapper/Fride Audunsdotter Westvik

Leiar for Norsk interesseorganisasjon for Kortvokste, Åsne Hanto seier dei arbeider med denne problematikken. I over eit år har ho hatt fast stilling som grafisk designer hos Kirkens Nødhjelp, men har erfaring med at mange slit med å få jobb.

Ho meiner at arbeidsgjevarar må vere meir opne til spørsmåla ein har om tilpassing.

– Vi kortvaksne lev i ei verd, som ikkje er tilpassa oss. Det er vi vande med, så om ein kortvakst får rett tilrettelegging er vi like ressurssterke som alle andre, seier leiaren.

«Jævla dverg»

Som liten stod Miriam alltid opp for seg sjølv om nokon terga henne.

– Eg kan ikkje noko for at eg er kortvokst, svarte eg til dei som kom med kommentarar på barneskulen.

Men då ho flytta til Trondheim for å studere kom kommentarane tilbake. Forventninga og spenninga var stor, og som dei fleste andre studentar er ho sosial og byrja å dra på utestadar med venner. Første året i byen skulle by på utfordringar, før ho fann ein måte å handtere hatet på.

Ein kveld gjekk ho heim frå byen etter ein kjekk kveld ute med venner. Bak ho kjem ein gut på hennar alder på ein el-sparkesykkel.

«Jævla dverg», roper han til henne før han susar vidare i mørket.

– Eg hadde ikkje sjans til å forsvare meg før han var vekk, det irriterte meg aller mest.

Kvar gong Miriam går ut av huset får ho blikk frå framande. Men når ho er ute på byen med venner blir det verre. Ho får som regel stygge kommentarar frå andre.

– I starten vart eg veldig lei meg, men eg byrja med å gå bort til dei og snakke til dei. Då blir dei alltid sjokka og veit ikkje kva dei skal gjere av seg. Ofte seier dei unnskyld når eg og vennene mine konfronterar dei.

Miriam føler at å seie i frå om kommentarane har hjulpe ho.

– Eg kunne tatt det innover meg og aldri turt å gå ut av huset og berre lagt inne. Men det er sjølvsagt ikkje noko eg vil, så å seie i frå har hjulpe meg veldig mykje.

Å ta kontroll har hatt mykje å seie for Miriam, og no har ho også funne ein arbeidsplass der ho kjenner seg velkommen og akseptert.

Vil vere open

– Vi kortvokste må velje karriere med omhu, det er for eksempel ingen av oss som kan bli politi.

Snart vil heile Noreg bli kjend med Miriam og dei andre på fotballaget, Gigantene, som spelar for Noreg i verdenscupen for kortvokste. På laget har Miriam funne att kjærleiken til fotball, og er på likefot med både lagkameratar og motstandarar.

Miriam på verdscupen i sommar. Foto: Privat

Som del av utdanninga har Miriam no praksis i barnevernet, der ho har opplevd at det er viktig å vere open.

– Då eg kom hit merka eg at dei ikkje turte å stille meg spørsmål, noko eg forstår godt. Mange har lite kunnskap om kortvokste og det er sjeldent ein møter oss, seier Miriam.

Ho var tydeleg frå start om at ho ville vere open for at dei skulle våge å stille spørsmål. For fyrste gong kjenner Miriam seg tatt vare på i eit arbeidsmiljø ho trivast godt i. Og ho ser lyst på framtida, som kortvokst arbeidsøkar. Sjølv om statistikken er i mot ho.

Miriam føler seg ikkje åleine i kvardagen og har mange venner rundt seg som støttar ho. Foto: Dina Flått

– Å vere kortvokst er ikkje noko eg tenkjer over i kvardagen, eg har mange gode menneske rundt meg og eg føler meg ikkje åleine, seier Miriam.