Økonomistudentane satsar på å vinne «årets bar» på Husfesten til Universitetet og har skaffa spons og midlar på 35 tusen kroner. Likevel kjem dei truleg til å gå over budsjettet dei har satt.
Kristian Birkeland og Johan Rossebø har lagt mange timar arbeid i å ferdigstille baren til årets Husfest på Universitetet i Stavanger. Her har dei siste workshop før festen på laurdag. Foto: Daniel Sigurdsen
Av: Fride Audunsdotter Westvik Foto: Daniel Sigurdsen
-Det samla busjettet ligg på 35 tusen kroner, men vi kjem nok til å gå over det, seier masterstudenten Johan Rossebø.
Tre linjeforeninger har slått seg saman og samarbeider om å vinne årets bar på Husfesten til Unvisersitetet i Stavanger. Økonomistudentane har planlagt prosjektet lenge og går inn for å vinne.
Under Husfesten lagar dei ulike linjeforeningene på Universitetet sin eigen bar med eit tema. Den som har den beste baren vinn. Økonomistudentane har valgt temaet Casino Royale.
-Vi vil sjølvsagt vinne årets bar, det er det vi satsar på, seier masterstudenten Kristian Birkeland.
I fjor var det linjeforeninga for Elektro, data og med-tek ved UiS som vann. Men i år satsar økonomistudentane på å vinne.
-Kva er premien om dykk vinn?
-Eg trur ikkje det er nokon premie, anna enn at vi får statusen som den beste baren og at vi slår dei andre linjene, det er ein konkurranse, seier Birkeland.
Økonomistudentane har lagt mykje tid, pengar og arbeid i prosjektet.
-Siste månaden har det vore mykje møter og planlegging, det er mykje som skal på plass før vi er klare til festen på laurdag.
-Kvifor vil dykk bruke så mykje tid og pengar på dette?
-Dette er det eine store arrangementet i året der alle studentane i Stavanger samlast saman til ein stor fest. Det skaper samhold og om vår bar blir bra så kanskje fleire legg merke til vårt studie og då vil fleire kanskje søke seg inn, seier Rossebø.
Då siste workshopen var ferdig var studentane nøgd med resultatet.
-Vi ønsker dei andre lykke til, seier kompisane med eit smil om munnen.