Det mest populære journalistikkstudiet mistar 1/3 av studentane

Søkartala for journalistikkstudiet i Norge ligg stabilt. Talet på studentar som droppar ut er likevel høgast på den mest populære studiestaden. Har storkeliken på klassen noko å seie for kven som fullfører?

Journalist: Elsa Di Valerio

For den med ein journalistspire som veks i magen, kan ein søke seg til fleire universitet og høgskuler i Norge for å ta ein rein journalistikkbachelor. 

Tal frå Samordna opptak viser at studiestadane med dei høgaste søkartala for 2023 er desse:

Ved første augekast på tala er Oslo Met den mest populære staden å søke seg til for å bli journalist - staden som får flest søkarar for journalistikkbacheloren. Dei hadde det høgaste søkartalet på 1674 søkarar. Det er òg journalistikkstudiet som har det største talet per kull med heile 90 planlagte studieplassar per klasse.

Studiet på Nord universitet i Bodø har det lågaste talet på studentar som søker bachelor i journalistikk. 198 søkarar ønska éin av dei 30 plassane.

Sterkare konkurranse på UiB og UiS enn OsloMet

Høvemessig er det likevel en skilnad på popularitet og konkurranse. Noko skjer med tala når me reknar på kor stor konkurransen er per plass på studiet.

Me deler søkartala per plass og rangeringen endrar seg. Då ser tabellen slik ut:

Konkurransen er sterkast ved UiB der heile 51 studentar kivar  om kvar plass. Så hender noko interessant: UiS, med langt færre søkarar enn OsloMet, har sterkare konkurranse enn rivalen. UiS har 27 søkarar per plass medan OsloMet har 19. Høgskulen i Volda ligg framleis ca. midt på medan Nord Universitet har lågest konkurranse.

Det er altså ikkje gitt at staden med flest søkarar har sterkast konkurranse.

Ein kan tenke seg at Oslo Met har dei mest nøgde journalistikkstudentane med så høge søkartal - eller at dei mindre populære studiestadane har mindre nøgde journalistikkstudentar.

Det stemmer ikkje.

Viss me kikkar på tal frå Database for statistikk om høyere utdanning (DBH) for journalistikkstudentar i Norge for 2023*, ser me ein statistisk kausalitet mellom storleiken per klasse og andelen som droppar ut av studiet. 

Det tyder ikkje at fleire droppar ut viss dei studerer i ein stor klasse, men at dei to faktorane følger kvarandre der me manglar ein tredje faktor som kan forklare kvifor dette skjer.

Fleire studentar fullfører i mellomstore klassar

Tala til DBH per 2023 avviker litt frå tala til Samordna opptak. Dei inkluderer Høyskolen i Kristiania, NLA Høgskolen og Universitetet i Tromsø, noko Samordna opptak ikkje gjer. Likevel kan det gi ein peikepinn på korleis stoda er generelt når det gjeld fråfall i høve til klassestorleik.

Her kan me framheve tre eksempel for å illustrere dette:

OsloMet hadde høgast startkull på over 100 studentar i éin journalistklasse. UiS hadde 35 stk og UiT låg rett på 20 studentar. Me har éin enorm klasse, éin mellomstor og ein liten.

Så skjer noko når me ser på fråfall, altså tal på studentar som droppar ut, på desse tre studiestadane:

Det største og minste startkullet (OsloMet og UiT) slår høgast ut på fråfall. 40 prosent av studentane droppar ut på UiT, og meir enn 1 av 3 droppar ut frå OsloMet. Dei veldig store og veldig små klassane har altså færrest studentar som fullfører journalistikkbacheloren. 

UiS, som ligg blant studiestadane med mellomstore klassar, har høgast andel studentar som gjennomfører bachelorgraden i journalistikk. 

Her har me å gjere med ein statistisk kausalitet mellom klassestorleik og fråfall. Men kvifor er det slik?

For mykje nyheiter

Førsteamanuensis ved OsloMet, Yngve Benestad Hågvar, utførte ei undersøking spesifikt om fråfallet ved journalistikkstudenter på OsloMet i 2019. Halvparten av respondentane svarte at studiet ikkje var slik dei hadde venta. Det var for lite kreativt, altfor stor arbeidsmengde og lange dagar. 

Ein journalistikkstudent i samme Universitas-artikkel har påpeika at inntrykket om journalistikkstudiet på OsloMet ikkje samsvarte med informasjonen på nettsida til OsloMet. Ho har òg sagt at det var for lite kreativt og for mykje nyheiter.

Sidan då har Hågvar sagt at dei har blitt meir medvitne på å presisere kva studiet går ut på.

Det er usikkert kva årsakssamanhengen i det høge fråfallet av journalistikkstudentar i større og mindre klassar kan vere. Faktorar som kan spele inn er kvalitet på undervisning, feilinntrykk av studia på nettsidene til skolen, umøtte forventningar hjå studentane til læringsutbyte, krav om oppmøte, arbeidskrav frå førelesarane, oppfølging frå lærarane og arbeidsmoglegheitar etter endt studium. 

Tilhøyrsel i eit klassemiljø vil òg i stor grad avhenge av sosiale faktorar der klassestorleik kan spele inn.

Svaret på kvifor fråfallet er så stort på studiet med flest søkarar (OsloMet) gjenstår å sjå.

*Universitetet i Bergen er ikkje iberegna tala frå DBH for 2023.