Artisten «eie» byr på ei konsertoppleving med gotisk grunge og lokal mangfald

Kva får du dersom du blandar saman alternativ rock med vrengde el-gitarar og 80s goth? Svaret er ein konsert saman med «eie» og tolv andre lokale kunstnarar.

Emilie Eie på scena, artistnamnet er «eie». Foto: Julie Borsheim Endregaard

Av: Julie Borsheim Endregaard

Saken samanfatta

  • 15. mars er den offesielle sleppkonserten til Emilie Eie sitt debutalbum «My Tongue Is Stuck To The Roof of My Mouth And That Is All I Can Think About».
  • Konserten kombinerer alternativ rock, vrengte el-gitarar og 80-tals goth, med eit variert instrumentbruk som saxofon, theremin og perkusjon.
  • 13 kunstnarar frå ulike bakgrunnar deltek, inkludert lokale musikarar, skodespelarar og kunstnarar.
  • Emilie Eie ønskjer å skapa ein meiningsfull oppleving, med fokus på mangfald og kreative uttrykk.

Laurdag 15.mars blir den offesielle sleppkonserten i samband med Emilie Eies debut-album. Hen går under artistnamnet «eie». Albumet har fått tittelen «My Tongue Is Stuck To The Roof of My Mouth And That Is All I Can Think About». Det er eie sitt første album som soloartist, sjangeren blir kalla for gotisk grunge.

Første stopp på Norgesturneen blir på heimebane, i Stavanger. Saman med det faste banda hennar inviterer hen denne kvelden med fleire andre musikarar, skodespelarar og kunstnarar. Men kva skjer dersom ein blandar alternativ rock med vrengde el-gitarer og 80s goth? Resultatet er ein konsert blanda saman av dansarar, saksofon, vokalar og perkusjon.

Kva musikksjanger ligg oppi denne kofferten her? Foto: Julie Borsheim Endregaard

Emilie Eie vart kåra til «Årets stavangerkunstner» i 2024 på bakgrunn av det sterke og varierte uttrykket sitt. No inviterer hen til ein konsert med musikalske og kunstnariske inntrykk. Totalt skal det vera 13 kunstnarar som saman lagar ein konsert full av musikalske og lyriske kontrastar.

– Eg ønskjer at det ikkje berre er ein konsert, det skal vera ein større meining bak det heile, seier Eie.

Hen legg ned litt meir arbeid for å få tak i lokale artistar og ønskjer å visa kva mangfald som finst i Stavanger. Det er kunstnarar i ulike fasongar med ulik bakrunn, frå ulike land, og med ulik kjønnsidentitet. Instrumenta har også eit breitt mangfald, mellom anna skal det brukast det elektroniske instrumentet theremin.

Theremin er eit av dei tidlegaste elektroniske musikkinstrumenta som vart serieprodusert. Foto: Julie Borsheim Endregaard

Det er ikkje berre musikarane som er lokale frå Stavanger. T-skjorter med artistens «merch» blir også laga i Stavanger. Illustrasjonane på vinylplaten er laga av den unge kunstnaren Vera Gjedebo. Ho har teikna fleire teikningar som dekorerar plata til eie.

Nokon av teikningane den unge kunstnaren Vera Gjedebo har laga. Foto: Mina Waltila

Emilie Eie meiner me ikkje treng å følgja de typiske stereotypiane om korleis ein bassist eller gitarist skal sjå ut. Hen siger at alle kan spela instrument, same korleis ein definerer seg eller ser ut.

Fleire av kreasjonane og dekoren på scena er laga av artisten sjølv. Eie gler seg til å visa dei fram på morgondagens konsert.

Handa er laga på hyttetur. Ein av dansarnane skal forsøke ha dei lange hendene når hen dansar. Foto: Julie Borsheim Endregaard