Flytting av NRK og Aftenbladet: – Skal dei ha same kaffimaskin?

Stavanger Aftenblad og NRK Rogaland flyttar snart saman på Nytorget. Vi møtte nokon som er nysgjerrige på om dei skal ha den same kaffimaskina.

Birgitta Lindal og Isabella Lindal på Nytorget, der fyrste byggjetrinn no er ferdig. Foto: Amalie Fure

Av: Amalie Fure

– Det er jo litt interessant om dei kjem til å ha same kaffemaskina.

Det seier Birgitta Lindal. Ho er frå Sverige og bur i Stavanger, medan Isabella Lindal er frå Stavanger og bur i Oslo. Ho tenkjer også at det er viktig med openheit rundt denne flytteprosessen.

– Dei burde ihvertfall vere opne om bakgrunnen for flyttinga, og om dei sjølve ser nokre utfordringar med til dømes det presseetiske.

Dei har i utgangspunktet høg tillit til media, men tenkjer det er viktig at avisene sjølve er bevisste på korleis dei forholder seg til kvarandre.

– Vi håpar at dei unngår for mykje «fisking» og «samrør» dei imellom, som påverkar presseetikken og journalistikken.

Dette er det nye bygget på Nytorget, der NRK får lokaler i andre etasje medan Stavanger Aftenblad skal sitje i tredje etasje. Foto: Amalie Fure

Vil utvikle journalistikken

Det nye bygget på Nytorget i Stavanger sentrum er også kjend som Mediebyen Stavanger. Dette vil vere Stavanger Aftenblad sine nye lokalar frå sommaren, medan NRK Rogaland tek over sine lokaler i oktober.

– Vi får ein ny arena til å samle folk og til å ha ein open dialog. Dette gjeld både oss i redaksjonane, men også publikum. Vi vil legge til rette for å styrkje demokratiet og vise betydinga av redaktørstyrte medium.

Det seier Cecilie Berntsen Jåsund, distriktsredaktør i NRK Rogaland, som meiner det viktig med openheit overfor publikum. Ho ser fram til å få nye lokaler på Nytorget, og trur at denne flyttinga kan vere positivt for tilliten til pressen.

– Vi blir meir synleg og får vere ein del av eit større mediefellesskap, og det er mykje av grunnen til at vi flyttar.

Cecilie Berntsen Jåsund er distriktsredaktør i NRK Rogaland, og ser fram til å flytte ilag med Aftenbladet. Foto: NRK

Frå før har NRK og Aftenbladet samarbeida om foredrag på vidaregåande skular, i tillegg til stortingsval og lokalval. Jåsund ser fram til å fortsetje og styrke dette samarbeidet, samtidig som ho håper at dei kan vise meir av kven dei er og kva dei driv med.

– So vi trur at dette kan gje positive ringverknadar både mellom oss i mediehusa, og for lesarane våre.

Ho håpar også på ein felles arena der ein kan utvikle og styrke journalistikken ilag.

– Min draum er å få ein arena der vi ilag kan hente inn foredragshaldarar for å styrke kompetansen hos dei redaksjonelle medarbeidarane våre.

Stavanger Aftenblad sine lokaler er frå før lokalisert ved Nytorget. Foto: Amalie Fure

Redaktøren meiner at det meste med å bli ein del av Mediebyen Stavanger er positivt, men er tydeleg på kva redaksjonen må vere ekstra bevisste på.

– Når vi er midt i Stavanger sentrum må vi passe ekstra på å kome oss ut i fylket og lage journalistikk frå heile Rogaland.

Fjernar nok noko av uavhengigheita

– Det viktigaste er at ein er ulike og uavhengige redaksjonelle mediehus, og ved å vere i same bygg fjernar ein nok noko av denne uavhengigheita, sier professor Eli Skogerbø ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo.

Fleire mediehus i same bygg er ein kjend praksis i Oslo og Bergen, og ifølgje Skogerbø er dette ei problemstilling som er diskutert ein del.

Ifølgje Jåsund vil det fortsetje å vere ein tydeleg konkurranse mellom dei og Aftenbladet, som to uavhengige redaktørstyrte mediehus.

– Vi skal halde fram med å vere eitt lag i NRK, og som eit robust og godt lag er det veldig fint at vi også kan samarbeide på tvers. Men det er utruleg viktig å få fram den redaksjonelle uavhengigheita overfor kvarandre.

NRK Rogaland har i dag lokaler på Ullandhaug. Foto: Amalie Fure

Ikkje same kaffimaskin

Professor Eli Skogerbø tenkjer det er viktig at publikum er kritiske og stiller spørsmål til det media føretek seg.

– Vi treng at folk har tillit til media, men det er ikkje bra om ein stolar blindt på alt. Vi er avhengige av eit kritisk blikk.

Eit kritisk blikk frå publikum set også NRK-redaktør Cecilie Berntsen Jåsund pris på.

– På same måten som vi alltid er kritiske i journalistikken, er det viktig at folk tenkjer over det dei leser.

Til tross for godt samarbeid er ho opptatt av å ikkje bli for gode kompisar med kollegene i Stavanger Aftenblad.

– Det er også ein del ting vi må kunne ha for oss sjølv, og vi skal ha kvar vår kaffimaskin, avsluttar ho.