Ytringsfridom har ifølgje UNESCO den mest dramatiske utviklinga på fleire tiår. Det ynskjer desse ungdomane å gjere noko med.

På demokratiakademiet diskuterer og reflekterer dei over aktuelle tema og problemstillingar frå dagens verdsbilete. Foto: Amalie Fure
Av: Amalie Fure
– Det er ein veldig fin arena for å diskutere politikk og aktuelle tema i verda.
Oline Bergersen (15) er ein av 11 påmeldte på Sølvberget sitt demokratiakademi for unge mellom 15 og 19 år. Det er tredje halvår det blir arrangert, og består av 12 kursdagar i helgene utover våren.
På kurset lærar dei om ytringsfridom og debatt, og i forbindelse med kvinnedagen deltok dei på foredrag om kvinners rettigheiter i Afghanistan.
Ifølgje ungdommane er mykje av det dei snakkar om særleg relevant med verda slik vi ser den i dag.

Frå venstre: Jonah Martens Bertinussen (18) og Oline Bergersen (15). Foto: Amalie Fure
– Demokratiet svekkjast om folk ikkje veit om det som skjer.
Det seier ein av dei andre deltakarane, som legg til at ho til dømes ikkje visste om konfliktane i Sudan og Jemen frå før.
– Ein viktig arena
Jonah Martens Bertinussen (18) var med for fyrste gong søndag 8. mars, men ser fram til å vere med fleire gongar framover.
– Vi lærer for lite om Iran på skulen, so det er fint å ha ein slik arena for å diskutere og reflektere rundt det, seier 18-åringen.
Også Bergersen meiner at slike tema som Iran, USA, Trump og Israel får for lite fokus på skulen, og syns akademiet er ein viktig stad for å snakke med andre om det.
– Læraren vår tek seg tid til å snakke litt om det, men det er ikkje ein del av læreplanen, so då er det ikkje so lett å finne dei som tek opp desse problemstillingane.
Ifølgje ho det er ekstra viktig for ungdom å ha slike arenaer som demokratiakademiet, som fokuserar på refleksjon, diskusjon og opplysning.
– Vi brukar jo mykje sosiale medium. Der er det mykje falske nyheiter og ein risiko for å hamne i eit ekkokammer.
– Avgjerande for demokratiet
UNESCO la i desember fram ein rapport for utvikling innan ytringsfridom frå 2022-2025. Der vert det peika på ein global nedgang på 10% sidan 2012. Dette ein nedgang som ikkje er sett sidan den kalde krigen.
Kristine Aano Oyier er ansvarleg for demokratiakademiet, og vil setje fokus på viktigheita av ytringsfridom, og lære dei unge korleis ein kan bruke den.

Kristine Aano Oyier er opptatt av å lære ungdom om korleis ein kan engasjere seg. Foto Amalie Fure
– Dei unge si oppslutning er avgjerande for å bevare demokratiet, so vi vil bidra til demokratisk motstandskraft hos denne gruppa.
Ho meiner dette er ekstra viktig å prioritere i dagens verdsbilete.
– Vi ser at det er mykje antidemokratiske strømmingar i samfunnet, og demokratiske institusjonar som fri presse vert motarbeida.
Ungdommane set pris på at dei får moglegheita til å sjå verda frå ulike perspektiv, og får tenkje meir sjølve. Oline Bergersen veit også kva ho so langt tek med seg vidare frå akademiet.
– Det har blitt veldig tydeleg at demokratiet er trua, seier hun.