Joachim er Norgesmester i vannsklie- no er han klar for nytt NM

Joachim Flesjå (28) frå Stavanger er Norgesmester i ein ganske ukjent idrett, nemleg i vannsklie. Han har konkurrert sidan 2018 og no er Flesjå klar for å gi alt under årets NM, som er like rundt hjørnet.

Joachim Flesjå (28) frå Stavanger er Norgesmester i vannsklie og vann konkurransen i fjor, no er han klar for neste NM i april. Foto: Privat

Av: Fride Audunsdotter Westvik

Då Flesjå var student i Trondheim fekk han auge på ein plakat på Pirbadet. «Kvalifiseriung til NM i vannskile» stod det på plakaten.

-Det såg veldig kjekt ut og på plakaten stod det at vinnaren fekk ein pengepremie på 3000kr og det er litt for ein student det. Så eg tenkte at det skada ikkje å prøve og det gjekk det veldig bra. Sidan det har eg dreve med idretten som ein hobby, seier Flesjå.

Dette var for fem år sidan, ifjor vann han NM i vannskile og i 2019 tok han sølvmedalje. No er han snart klar for årets NM i Tromsø den 15.april.

Jubel då han vart Norgesmester

Sjå videoen frå då Joachim vann NM i 2022:

Foto: Privat

-Korleis blir ein Norgesmester i vannsklie?

-Ein må melde seg på kvalifiering til NM der første, andre og tredjeplass vert kvalifiserte til NM-finalen. Sist i 2022 då eg var med så var vi heile 72 deltakerar med i finalen.

-Kva er vinnerteknikken?

-Ein må prøve å få ein så god start som mogleg med god fart. Deretter må ein ha så lite direkte kontakt med løypa. Tyngde er også bra, det er derfor eg må ha litt ekstra vekt før ein konkurranse, seier Norgesmesteren.

I løypa kan det gå fort føre seg ned ein toppfart på 40 km/t.

-Alle vannsklier er ulike, det er kanskje det som er den største utfordringa med idretten. Ein må endre på teknikk frå gong til gong og prøve seg fram på korleis ein skal løyse dei ulike løypene.

Vanskeleg å få trent

For å førebu seg trener han styrke og teknikk i vannsklia. Men Rogalendingen må reise langt for å øve seg i løypa.

-Vi har faktisk ikkje ei einaste vannsklie i området. Det synest eg er skikkeleg dårleg av Rogaland, seier Flesjå.

Han må nemleg dra til Sørlandsbadet i Lyngdal for å komme til næraste sklie. Denne ligg tre timar unna Stavanger.

-Eg prøver å dra så ofte eg kan, men fokuset mitt ligg mest på å trene styrke og å få opp vekta før ein konkurranse.

Dagen før ein konkurranse får deltakerane prøve sklia, og når dagen kjem er det fullt fokus.

-Ein havner i ei slags boble før konkurranse og særleg NM, seier han.

No nærmar det seg neste NM og Joachim er klar.

-Sjølv om dette berre er ein hobby så brukar eg mykje tid på dette og det er ein idrett som er utruleg kjekk å vere med i, avsluttar Flesjå.