Av June Erdalsdal Kolstad
Ein buss har køyrt av vegen i Roslandsvegen på Bryne, skrive Politiet på Twitter. Nødetatene er på veg.
Det er meldt at det var ein del passasjerera på bussen. Det er ikkje meldt om personskade.
På bussen skal det ha vore 14 barn. Trafikken flyter foreløpig greit.
Bussen har verken kollidert eller velta, men den har køyrt i grøfta og ligge litt på sida, skrive Sør-Vest Politidistrikt på Twitter.