Rogaland mista flest potetar i Norge i 2023

Vêrgudane gjorde sitt med storm, regn og tørke i fjor. Omlag 50 000 tonn uttørka og drukna potetar over heile landet kom aldri til butikkhyllene. Verst var det i Rogaland.

Poteten forsvinn ikkje frå hylla i Rogaland med det første. Problemet er likevel størst for bøndane, ikkje for matbutikkane. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Av: Elsa Di Valerio

Du jobbar med naturen og vêret, så det vil alltid vere ein risiko.

Arne Vagle jobbar som rådgivar i Norsk Landbruksrådgivning Rogaland. Etter 35 år i teneste har han blitt potetekspert. Om du lurer på noko som helst om stjerna i norsk husmannskost, er dette mannen du skal ringe.

Fleire distrikt merkar at dei har færre potetar. Tal frå SSB for 2023 viser at Rogaland hadde ein nedgang på 26 prosent i potetar, medan Oslo og Viken fekk 21 prosent færre enn i 2022. Underleg nok gikk Trønderlag i pluss med syv prosent. Det til tross for møtet med ekstremvêret Hans hausten 2023.

Tapt inntekt på kontrakt

Vagle peikar på dårleg vêr som hovudårsaka til at Norge gikk i minus på potet i 2023.

Regn og våt jord i Rogaland har drukna fleire potetar. Dei har rett og slett råtna, seier Vagle.

Som kunde på matbutikken, kjem du truleg ikkje til å merke at landet manglar tonnevis med potet. Potet blir dyrka i fleire distrikt, som gjer det mogeleg å transportere overskot til andre distrikt. Alternativet er import frå utlandet.

Tapte avlingar råkar likevel hardast bøndane.

Arne Vagle beskriv seg sjølv som «veterinær» for poteten. Han jobbar for å halde dei friske i tett samarbeid med bøndane. Foto: Sjur Håland (Bondelaget)

Det blir jo tapte inntektar for bøndane. Dei teiknar kontraktar med grossistar for kor mykje dei planlegger å dyrke. Veks berre 70 prosent av avlingane, er det 30 prosent med tapt inntekt, forklarer Vagle.

Han peiker på at bøndane får kvoter på kor mykje av ei avling dei får dyrke. Det set ut i utgangspunktet ei grense på kva dei kan tene med kontrakten dei teiknar med grossistane. Derfor blir det økonomisk vanskeleg når delar av avlingane sviktar.

Det er tøft å vere bonde. Eg kjenner bøndar i Rogaland som gjerne kunne tenkt seg å produsere meir, men dei må følge reglane.

MEIR SJØLVFORSYNT

Alternativet til poteter frå andre landsdelar, er import frå utlandet. Her fall også mykje frukt og grønt under beltet til nordmenn sine smakslauker.

Samstundes er Norge berre 44 prosent sjølvforsynt på kaloriane me treng, ifølge Landbruksdirektoratet. Det kjem hovudsakeleg frå fisk, kjøt, meieriprodukt og potet.

Norges Bondelag satte i 2023 mål om å bli 50 prosent sjølvforsynte. Styrka importvern, betre løn til bøndane og meir norskprodusert mat er nokon forslag for å nå målet i handlingsplanen til Norges Bondelag. Bjørn Gimming, leiar for organisasjonen, oppfordrer til å velge norskproduserte matvarar i ei sak til Bondelaget si nettside.

– For å få til aukt sjølvforsyning er det også viktig å ha med seg forbrukaren og marknaden. Kva forbrukaren puttar i handlekorga påverkar sjølvforsyninga vår i stor grad. Me må ha ein forbrukarpolitikk som gjer det enkelt å velge norsk mat. Jo fleire norske produkt folk kjøper og eter, jo meir av potensialet for å auke sjølvforsyninga, og dermed norsk matsikkerheit, blir tatt ut, seier Bjørn Gimming.