Ombygging på Amfi Madla

Madla 2

På Amfi Madla er det store endringar for tida. Fleire butikkar held på å bytte lokale og det er mykje renoveringsarbeid involvert.

 
 IMG 4394 2  

Tomt lokale: Fleire lokale står no tomme på Amfi Madla.

 
   
Av: Marie-Louise Knoop  
   

– Vi satsar på at det skal bli betre enn det har vore. Mykje lysare, finare lokale. Det vil rett og slett bli ein betre opplevelse å shoppe her, seier butikkansatt ved B.Young, Gro Johannesen.

Butikksjef Marie Nystuen ved butikken Upstairs, som no forøvrig har flytta «downstairs», seier seg einig i at endringane er for det betre.

– Kundane er no kjempenøgde. Sjølv om butikken har flytta og blitt mindre enn den var, synes fleire at den er meir oversiktlig, seier ho.

 
   

Forvirrande og bråkete

 

– Dei litt godt voksne synes det er litt forvirrande. Dei synes det er litt mykje bråk og at det er litt trist at så mange lokaler står tomme om gongen, seier Gro Johannessen.

Kunde Marit Barkved er ei av dei som synes ombygginga har vore litt plagsom. Men ho har ikkje noko imot litt støy hvis det betyr at det blir eit betre senter til slutt.

– Ja, det har vore ganske plagsomt. Det kjem seg no, men det var eit forferdeleg merakkels i byrjinga. Men når ein skal bygga på så blir det jo sånn.

 
   

Endt leigekontrakt 

 

Men lokala skal ikkje stå tomme så mykje lengre. Rundt 1 mars skal alle butikkane ha opna og senteret vil vera i full sving igjen. Det er fleire grunnar til desse store endringane, men den største er leigekontraktar.

– Fleire av butikkane har hatt leigekontraktar som har gått ut i 2018, og då har nokre sett seg naudsynt til å nedgradera til mindre lokale, og andre vil ha større plass. Derfor er det så mykje flytting rundtomkring, seier Johannessen.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *