Den skjulte kvinnesjukdommen

SkjulteKvinnesykdommen liten

 

1 av 1000 kvinner får brystkreft. Endometriose rammer så mange som 100 av 1000 kvinner. Likevel er det særs få som har høyrt om den kroniske sjukdommen, og i Norge tek det i gjennomsnitt sju år å få diagnosen.

 
SkjulteKvinnesykdommen stor  
GÅR I TOG: Endometrioseforeningen i Stavanger gikk for likestilling i det medisinske systemet 8. mars i fjor.  
   
Av: Marie-Louise Knoop  
   

– Fordi det er ein underlivssjukdom, er folk kanskje ikkje like opne om det. Og siden det er ein kvinnesjukdom blir det ikkje like mykje fokus på det som på ein mannssjukdom, seier likemann i endometrioseforeninga, Sonja Kring.

Ho har sjølv endometriose, og fekk diagnosen i 2013, etter å ha levd med symptomar i fleire år. No er ho ein av to likemenn i Rogaland.

 
   

For lite informasjon

 

– Mange får høyra at det er normalt å ha menssmerter, at dei overdriv smertene eller at det berre er psykisk. og symptomene blir normalisert. Det er også for lite kunnskap blandt leger, mange av dei har aldri høyrt om endometriose, seier Kring.

Ho har sjølv tatt opp kampen om meir informasjon i helsevesenet, og har delt ut brosjyrer på fleire legekontor og apotek. Den største overraskelsen var at gynekologisk poliklinikk på sjukehuset i Stavanger ikkje hadde nokon som helst informasjon om endometriose blandt brosjyrene sine.

 
   

Likestilling i det medisinske 

 

– Hadde det vore ein mannssjukdom, hadde det blitt snakka meir om. Hadde mannfolk gått med kroniske smerter i underlivet hadde dei aldri godtatt å høyra at dei må gå på hormoner, bli kastrert eller at det berre er psykisk. Veldig mange kvinner med endometriose får høyra at ein må bli gravid, fjerna livmoren, eller vera i falsk overgangsalder for å bli kurert. Dette er ganske drastiske «behandlinger», og er ikkje noko kur for sjukdommen, seier Kring.

Mars er endometriosemåneden, og i fjor var ein av parolene i 8. Mars-toget i Stavanger «likestilling i det medisinske systemet».

– Vi kvinner er kanskje ikkje flinke nok til å ropa ut, vi har ein del å gå på der. Det er viktig å gje beskjed om at vi ikkje godtek situasjonen som den er, seier Kring.

Endometrioseforeninga jobber for tida med ein informerende film om endometriose, og i Stavanger har det blitt organisert fleire innsamlinger med foredrag om endometriose.

– Vi har jo så klart eit mål om å spre informasjon, vi oppfordrer alle til å vera så opne som mogleg, og vera villige til å snakka om det. Det er jo litt tabu med underlivssmerter, men hvis det kan hjelpa nokon andre så fortel eg gjerne mi historie, seier Kring, og oppfordrer alle som har spørsmål til å ta kontakt med endometrioseforeninga.

 

Skjermbilde 2018 02 17 kl. 13.23.39

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *