Protesterer mot ny skattelovgjeving


I januar kom nye reglar for skattlegging av tips og driks til tilsette innan bar- og restaurantbransjen. Bransjen sjølv er sterkt i mot, og går no saman om ein underskriftskampanje for å få endra lovverket.

 
Morten Sunde stor  
Tek til motmæle: Morten Sunde har teke til orde for den lokale skjenkje- og serveringsbransjen (foto: Monika Skinnemoen).  
Av: Monika Skinnemoen og Toralf Larsen Vallestad  

-Eg håpar at politikarane innser at ein vil tapa veldig mykje kvalitet innanfor ein stor næringsmarknad, seier Morten Sunde som har tolv år med erfaring i skjenkje- og serveringsbransjen til Utsnitt.

Arbeidsgjevar er pliktig å trekkja 14,1% av beløpet i arbeidsgjevaravgift, og samstundes bruka tida si på ressursar på å telja den totale mengda tips, og fordela dette på ein god måte på dei tilsette. Generelt sett har det vore slik at ein fordeler tipsen etter kor mange timar ein har arbeidt i løpet av ein kveld.

Vikarierande barsjef ved Cocktailfabrikken, Tomasz Rafal Biszczanik, er ein av dei som blir ramma av dei nye reglane. 

– Me veit ikkje kva som vil skje med tipsen. Dette er den fyrste månaden sidan ordninga trødde i kraft, og eg og kollegaene mine vil få tips utbetalt med resten av løna i morgon, seier han.

 
Byd på utfordringar  

Den nye ordninga gjer det spesielt krevjande å fordela tipsen som før, og dei fleste stader har ein innført ei ordning kor all tips blir fordelt på alle tilsette som har vore på arbeid i løpet av ein kveld – uavhengig av kor mange timar dei har jobba.

-Eg synst ikkje det er ei rettferdig ordning fordi tilsette innan bar, restaurant og hotell generelt sett får dårleg betalt, og no skal dei ta nesten halvparten av løna vår. Det blir nesten som å stela frå oss, konstaterer Biszczanik.

 
Låg pris for hardt arbeid  

-Det er låtteleg. Me som bartenderar lever av tipsen me får, seier Biszczanik.

Tips har lenge vore definert som ei skattbar inntekt, men praksisen har i stor grad variert på dei ulike stadene. Mange vil nok rekna tips som ein del av vederlaget dei tilsette får for det arbeidet dei gjer, og servicen dei gjev.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *