Stavanger har høge mål for reduksjon av klimagassutslepp

I Noreg har me eit nasjonalt mål om å redusere klimagassutsleppa med 45% innan 2030. I Stavanger har dei eit ambisiøst mål om å klare 80%.

Fleire bør velje buss framfor bil for å redusere klimagassutsleppa. Foto: Elisabeth Tønnesen.

Av: Marte Charlotte Endal & Tonje Thorstad Kildal

-Det er eit ambisiøst mål, men det trur eg er bra. Det vil bli kravande, og me er avhengig av samarbeid både med innbyggarar og kommunane i nærområdet, seier Elin Schanche, dagleg leiar for Grønn by.

I følgje Schanche vil det også krevje at folk endrar på livsstilen sin.

-Den enkelte må bidra, og det er noko me må ta enda meir inn over oss enn det me har gjort til nå. Me må gje slipp på nokre godar for å få det til, seier Schanche.

Bilbruken må reduserast

Også MDG politikar Rune Askeland, seier at det krevjar handling for å klare å redusere utsleppa.

-Me må gjere drastiske tiltak viss vi skal klare å få redusert utsleppa. Me må blant anna få ned biltrafikken, og prøve å få folk til å velje å gå, sykle eller bruke kollektivtilbodet i staden, seier Askeland.

Eit tiltak som har blitt gjort er å satse på Bussvegen, som er eit prosjekt som skal gjere busstilbodet meir effektivt og behageleg. Det vil forhåpentlegvis gjere at fleire veljar buss framfor bil.

Skil seg frå nabokommunen

Sjølv om Stavanger og Sandnes er nabokommunar er kontrasten mellom måla deira stor. Sandnes har satt som mål å minske utsleppa med 30%. Stavanger sitt mål, er meir enn dobbelt så høgt.

-Dette er ein region med store utfordringar, og om skal vi få ned biltrafikken må me jobbe saman. Me ser ikkje på dette som ein konkurranse, meir som ein invitasjon til eit samarbeid, seier Askeland.


Du kan se denne saken og fleire andre på utsnitt.net sin daglige TV-sending.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.