Auking av antal menn i helsefagyrker

Sjølv om det fortsatt er eit klart fleirtal sysselsette kvinner i helse- og sosialfagsyrker, er aukinga størst blant menn med denne utdanninga.

Fleire menn utdannar seg for å arbeide i helsefagyrker. Foto: Jonathan Borda

Av: Elise Pedersen & Tonje Thorstad Kildal

-Det er veldig gledeleg at vi får inn fleire menn. Det er både bra for arbeidsmiljøet, og for de som skal bruke tenestene at ein ser at arbeidet kan utførast av både kvinner og menn, seier Nina Horpestad, fylkesleder for Norsk Sjukepleiarforbund.

I det siste året har aukinga av sysselsate menn med helse og sosialfagleg bakgrunn auka med 2,7%.

-Eg vil påstå at me både får eit betre arbeidsmiljø, og betre tenester når me får inn fleire perspektiv. No håpar eg at vi får inn enda fleire menn i helsetenesta.

På tross av at antal menn har auka, er fortsatt 83,4% av tilsette med helse og sosialfagleg utdanning kvinner. Barnevernspedagogstudent Jonas Solbakken Sæbø, meiner også at fleire menn i helsefag er positivt.

-Eg trur det er bra for arbeidsmiljøet at det blir meir blanding av kjønn, og at menn har mykje positivt å komme med i disse yrkene, seier Sæbø.

Nina Horpestad er tydeleg på at helsefag ikkje berre er for kvinner.

-Det er langt i frå berre for damer. Det er alt frå blålys og akuttmottak til langsiktig arbeid med eldreomsorg, rus og psykiatri. Her er moglegheitene store.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *