Koronaviruset endrar fråværsgrensa

Den omdiskuterte fråværsgrensa er fjerna på ubestemt tid. No treng ikkje skuleelevar i koronakarantene bekymre seg.

Elevane ved St. Svithun videreågande skule er glade for endringa i ordninga med fråværsgrensa. Foto: Mikal Å. Stave

Av: Åshild Ramsdal & Gunvor Horpestad

Koronakarantene gir ikkje gyldig fråvær i vidaregåande skule, dette har ført til bekymringar blant skuleelevane. No er derimot fråværsgrensa midlartidleg fjerna, dette vil gjerne påverka det totale fråværet.

Ved St. Svithun Vidaregåande skule i Stavanger er fleire elevar positive til ordninga.

– Det er et godt helsetiltak tenkjer eg, men så tenkjer eg òg at det kan bli utnytta av veldig mange. Det er snakk mellom elever at dei synes at det blir eit meir avslappande forhold til skulen, det seier elev Frida Kvilhusvik.

I Stavanger er det til no fire tilfelle av koronasmitte, og ein kan ikkje sjå bort frå at tilfella vil auke. Midlartidleg rektor Arild Helgøy, fokuserer derimot ikkje mykje på det auka fråværet.

– Det ser eg på som eit mindre problem, det viktigaste er å få avgrensa dette viruset. Det er jo litt underleg at dei gjer slike endringar midt i året. At det kjem så brått på, men då er dei meir fokuserte på det dei skal vere fokuserte på,  det seier ein alvorleg Helgøy.

Lett å utnytte

Elevane legg derimot ikkje skjul på at ordninga kan misbrukast no når russetida nærar seg med stormskritt for avgangselevane.

– Eg kan nok ikkje sjå bort frå det nei. Det er ei lett moglegheit å ta, vi får sjå korleis det går, det seier ein lattermild Jarand Rommetvedt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *