Koronavirus påvist ved SUS

Foto: Svein Lunde, Helse Stavanger

Dei strengaste reglane for koronakarantene har vore blant dei tilsette i helsesektoren. No er det likevel påvist smitte hjå ein tilsett ved Stavanger universitetssjukehus.

Av: Gunvor Horpestad

I helga vart det påvist koronasmitte hjå ein av dei tilsette på fødeavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), dette melder sjukehuset i ei pressemelding på sine eigne heimesider sundag.

Følges opp

Den tilsette var på jobb fleire dagar førre veke, og har vore i kontakt med fleire pasientar. Desse er kartlagt, og vil bli kontakta av sjukehuset om kva dei skal gjere vidare.

Dei som har vore i kontakt med den koronasmitta mediearbeidaren vil bli følgt opp av smittevernoverlege ved sjukehuset som samarbeider med smittevernoverlegane i pasientane sine respektive kommunar.

Ingen grunn til bekymring

For å unngå smitte blant ei kritisk pasientgruppe, sett sjukehuset i gang fleire tiltak. Dette inneber mellom anna stenging av ei fødeavdeling.

– Vi har to fødeavdelingar på SUS. Det er berre den eine avdelinga som er stengd. Alle fødande blir flytta over til fødeloftet på SUS. Denne blir drifta av nytt personell slik at alle fødande får eit trygt tilbod, det seier administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i pressemeldinga.

Stenginga av den eine fødeavdelinga og kombinert med tilsette i koronakarante fører til redusert personale og kapasitet. Fleire av pasientane vil truleg få ny time ved kvinneklinikken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *