Sjakk for kommunale penger

Verdas største sjakkturneringar ville ha 1,1 millionar frå kommunen for å hjelpe til med finansieringa av arrangementet. Dei får 600 000 kroner.

Sjakk er ein mental-idrett ein ønskjer å rette fokus mot i Stavanger. Foto: Gunvor Horpestad

Av: Gunvor Horpestad

Altibox Norway Chess, sjakksporten sitt svar på Wimbledon turneringa, har blitt arrangert i Stavanger sidan 2013.  

I juni brakar det laus igjen, og arrangørane har søkt om 1,1 millionar tilskot til arrangementet for perioden 2020 til 2021, for planlegging og gjennomføring. Vidare har dei søkt om 500 000 kroner til gjennomføring av konferansearrangementet Norway Summit i same tidsperiode.

Oppløftande for regionen

Sjakkturneringa har sidan oppstart vore med på å setje Stavangerregionen på kartet, likevel er somme kritiske til at Stavanger kommune framleis skal kaste inn store pengesummar i arrangementet.

– Fremskrittspartiet er for å setja ting i gang, men vi vil ikkje vera dei som skal vere årsaka til at det fortsett om det ikkje kan stå på eigne bein. Dei lokale må innsjå at dei må bidra for at arrangementet skal komma opp og gå, det seier Leif Arne Moi Nilsen (FrP).

Arrangement for alle

Det er derimot ikkje alle som delar dette synet av saka, og Arnt-Heikki Steinbakk er klar på at arrangementet er meir enn ei verdsturnering for dei lokale.

– Altibox Norway Chess har ein verdig plass, og dei er verdig støtte. Det er jo eit arrangement som er sett saman både av ein konkurransedel, men som også legg i veldig stor grad opp til å involvere barn og unge til å fatte interesse for sjakken, det sa Steinbakk (Ap).

Steinbakk trur derimot at turneringa er med på å løfte opp Stavanger og omland. Spesielt om ein ser på den kunnskapsbaserte konferansen Norway Summit, som blir arrangert ved sida av.

– I tillegg har arrangementet ein heilt klar marknadsføringsverdi  for regionen. Det har ein verdi i å også inkludere næringslivet og også andre aktørar når det gjeld den konferansebiten som er ein del av det store arrangementet, sa ein tydeleg Steinbakk.

Til tross for at politikarane var ueinige om det burde tildelast tilsko til Altibox Norway Chess, vart det tildelt 600 000 kroner og 200 000 kroner til høvesvis Altibox Norway Chess og Norway Summit.


 [GH1]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.