Viking tilbake i eliteserien

Etter at Sandefjord tapte kampen mot Nøtterøy handball i går, er det ingen lag som kan ta igjen Viking i kampen om eliteserieplass.

Endeleg får Stavanger eit elitelag i handball igjen. Foto: Mikael Brønmo Hansen.

Av: Tonje Thorstad Kildal

– Det var ein heilt fantastisk kjensle. Me var ein gjeng som såg kampen, og stemninga blei naturleg nok veldig god når Nøtterøy vant, seier toppscorar Kjartan Johansen.

Fram til i går var Sandefjord det einaste laget som kunne øydelegge Vikings eliteseriedrøm. Dermed kunne Viking juble då Sandefjord tapte 24-30 mot Nøtterøy. Det vil seie at Viking rykker opp til eliteserien, saman med Fjellhamar IL.

Endeleg i eliten igjen

Sist Stavanger hadde eit lag i eliteserien var sesongen 2015/2016, sida da har Nærbø vore det einaste eliteserielaget frå Rogaland.

– At denne byen treng eit lag i eliteserien, er det ingen tvil om, det er viktig for Stavanger. Det blir og gøy med kampar mot Nærbø neste sesong. Det er alltid kult med lokalderby, seier Johansen.

Kan vinne 1. divisjon

På onsdag skal Viking møte Fjellhamar på heimebane. Nå er det kampen om gull som står på planen. Foreløpig har begge laga like mange poeng.

– Hovudmålet vårt var opprykk, men nå har me veldig lyst til å vinna denne divisjonen. Kampen på onsdag, er ein kamp me veldig gjerne vil vinne, seier Johansen.

Laga er jamne, og resultatet kan bli avgjort allereie på onsdag. Dersom Viking vinner med 4 mål over Fjellhamar, er gullet deira.

Satsar på meir publikum

Det at Viking nå skal spille i eliteserien, gjer at Johansen satsar på at det blir  meir interesse for klubben.

– Eg håpar at spel i eliteserien vil trekke fleire folk på kamp. Det er utroleg gøy å spele kampar når det er masse folk på tribuna, seier Johansen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *