Gong på gong avviser siddisane misjonærane sine forsøk på kontakt, likevel held dei motet oppe og prøver igjen dag etter dag.
Av: Giancarlo G. A. Gutierrez, Silje A. Eriksen & Gunvor Horpestad
Eldste Meldrum har drege frå fotballstipend i solfylte California til å banka på dører i regnfulle Stavanger. Ei blanding som for siddisane er litt utanom det vanlege.
Saman med Eldste Garrett er Eldste Meldrum misjonær i Stavanger. Dei er mormonarar og høyrer til kyrkja Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige, som er stasjonert i Hillevåg. I kyrkja får misjonærane undervisning, både om religionen og i norsk. Til tross for kunnskapen dei ber på opplev dei det som utfordrande å spreia bodskapen i Stavanger.
– Folk liker ikkje å snakke om så djupe ting som religion på gata, seier Eldste Meldrum.
Det kan vere utfordrande å få kontakt med reserverte nordmenn på gata eller døra, likevel gjer ikkje mormonarane opp. Dei har nemleg ei målsetjing med misjonsoppdraget i Noreg.
– Vi må gjere jobben for å oppretthalde forholdet til Gud, seier Meldrum.
Meir om korleis det er å leve som misjonær i Stavanger kan du sjå her: