Ynskjer betre seksualundervisning på vidaregåande skular

Seksualundervisning på VGS er ikkje ein del av undervisninga på mange videregående skular. Elevane på Jåttå VGS vil lære meir om tabubelagte temaer, og får støtte av helsesjukepleiar Ingeborg Stangeland.

GRATIS KONDOM: Elevane Karen Seljeskog og Natalie Aunan ved Jåtta VGS håpar på betre seksualundervisning på VGS, og tek gledeleg imot gratis kondom frå helsesøster. Foto: Aryan Javidi.

Av Kristin Molvær og Malene Møller-Hansen

– Seksualitetsundervisning burde vore ein større del av undervisninga, så tidleg som på barneskulen. Sjølvsagt tilpassa aldersgruppa, seier helsesjukepleiar Ingeborg Stangeland.

Helsestasjon for ungdom

Ho er helsesjukepleiar hos Helsestasjon for ungdom i Stavanger. Der jobbar ho for å styrke kunnskapen til unge om seksualitet. No er ho også ein av dei som jobbar aktivt for å betre seksualundervisningtilbodet til VGS elevane i Stavanger. Ho vil normalisere pinlege situasjonar som kan oppstå når ein har sex.

– Det er viktig å snakke om fittefis og andre kleine situasjonar som kan oppstå som ein ikkje ser i porno. Det er jo der mange hentar si «opplæring» frå, seier Stangeland.

Jentene vil vite meir

Elevane i førsteklasse på Jåtta VGS er nokon av dei som no etterlyser betre seksualundervisning, og er einige med helsesjukepleiaren.

– Me burde få meir og betre undervisning om sex, frå fagpersonar og ikkje berre info vi får av andre elevar. Dei har jo ofte ikkje peiling, seier elev Karen Seljeskog.

Jentene på Jåttå VGS er ikkje åleine om å etterlyse dette. I følgje den nyaste rapporten til Sex og Samfunn, som vart utgitt i februar 2023, vil heile ni av ti jenter ha betre seksualundervisning. Rapporten viser også at det store fleirtalet av både lærarar og elevar ynskjer at seksualundervisninga skal gjerast av helsesjukepleiar.

Rektor Tarjei Berge ved Jåtta VGS skriv i ei melding til Utsnitt at han ikkje har opplevd at det er etterspurt betre seksualundervisning på skulen, og at dei forhold seg til dei nasjonale retningslinjene.

Slik det er no er det ikkje pålagt, men anbefalt med seksualundervisning for elevar på vidaregåande i den nasjonale læreplanen til Utdanningsdirektoratet.