Trafikkulykke i Vindafjord

Av Kristin Molvær

Trafikkulykke på Haukelivegen, Kallstveit. To personbilar skal ha hatt eit samanstøt i 60-sona. Trafikken flyt sakte forbi, men det har oppstått kø i begge retningar. Ingen skal vere alvorlig skadd, meld politiet i sør-vest på Twitter.

Oppdatering: Tre personar involvert i dei to bilane. Store materielle skadar på bilane, men ingen alvorlege personskader.