Trenden om dumping av katter held fram: – Folk tar ikkje ansvar

Pågangen av heimlause katter i Rogaland som kjem til frivillige dyrevelferdsorganisasjonar har ikkje gått ned sidan pandemien. Lucas-organisasjonen på Øksnevad etterlyser fleire fosterheim og ansvar hjå dyreeigarar.

Av: Elsa Di Valerio

Viss organisasjonen ikkje mottar donasjonar, mat og leiker til dyra, kan me ikkje hjelpe.

Monica Askildsen måtte rykke ut til ei ulykke like før intervju med Utsnitt. Den påkøyrde katten overlevde ikkje.

Tilbake på senteret til Lucas-organisasjonen på Øksnevad bur omlag 60 katter i vente på eit heim. 55 andre har vore heldigare og komme til eit fosterheim.

I åtte år har Lucas-organisasjonen redda nærmare 1400 heimlause katter. Anten har kattene blitt skada, dumpa eller redda frå heimløyse.

Drifta er heilt avhengig av frivillige som stiller opp. Organisasjonen får ikkje ei krone i offentleg støtte.

Eig du ein katt du ikkje visste om?

Lucas-organisasjonen ønsker færre heimlause katter i Stavanger-området. Med mottoet «alle dyr skal ha det godt», vil dei få kattene bort frå gata og inn i heimen til folk med rom for ein pelskledd kompanjong.

Då trengst fosterheim. Dei er det ikkje nok av.

Alfa og omega er å skaffe fosterheim. Det hjelper ikkje at me tar inn katter om dei ikkje får eit heim til slutt. Senteret blir fullt og kapasiteten sprengt.

FRIVILLIG: Monica Askildsen har jobba for Lucas-organisasjonen i fire år. Ho er nøgd med samarbeidet på tvers av fleire organisasjonar, men saknar fleire fosterheim til kattene dei tar seg av. FOTO: Elsa Di Valerio

Askilsen merka at trykket endra seg under pandemiåra. Fleire skaffa seg kjæledyr – for eksempel katt – då folk jobba heimefrå. Då landet opna opp att og nordmenn fekk utlengsel til å reise, ble senteret fylt av tidlegare kjæledyr.

I enkelte høve kan du bli juridisk eigar av katt utan å ha adoptert eller kjøpt ei.

Mattilsynet vurderer deg som eigar når katten trur du eig ho. Dette hender for eksempel når du startar å mate ei katt som kjem på besøk over tid, eller at nokon har flytta frå bustaden og etterlatt katta. Katta kjem framleis til å vente å få mat frå bustaden, og vipps er du som nyinnflytta blitt matmor.

Kva tenker du er årsaka til at me får heimlause katter?

Folk tar ikkje ansvar. Eg meiner òg at me treng lovpålagt registrering og ID-merking av dyr, det har dei allereie fått til i Sverige. Norge heng etter på dyrevelferd. Kommunen og regjeringa burde sette av pengar til frivillige dyrevernorganisasjonar.

Ikkje alle bør ha katt

Lucas-organisasjonen samarbeider med lokale grupper og ein veterinær for å finne plass og helsehjelp når trykket pressar på. Hjelp Katten, Dyrebeskyttelsen og Sele Dyreklinikk er del av dette nettverket.

Katter høyrer ikkje til den naturlege floraen i Norge. Sjølv om den norske skogkatten har gode odds for å klare seg i nordisk klima, er ikkje katter flest rusta til å overleve utan stell og omsorg. Usteriliserte heimaluse katter bidrar til å auke standen – og problemet.

Eg føler me driv vaksenopplæring samtidig som me tar oss av dyr. Ein del folk veit ikkje kva det innebêr å ha dyr. Katter er som familiemedlem, og du må frå starten av rekne med å ha dei så lenge dei lever. Du kjøper ikkje bil utan å undersøke på førehand, det samme skal gjelde når du kjøper eller adopterer eit dyr.

Askildsen bekrefter at organisasjonen i enkelte tilfelle har avvist å adoptere bort katt til folk som ikkje er egna til å ta seg av ei katt.

Kva er det viktigaste de treng no?

Eg seier som Ole Brum, «Ja takk, begge deler». Me treng både fleire fosterheim og frivillige. Til sjuande og sist går dette utover dyra, og problemet angår oss alle.

Ikkje nok ressursar

Veterinær og fagrådgivar for dyrevelferd i Mattilsynet, Ann Therese Kommedal, skriv i ein epost til Utsnitt at Mattilsynet les daglege bekymringsmeldingar om katter, men at ressursane deira og tilstanden til katten avgjer kva som hender.

Realiteten er at me ikkje har ressurser til å følge opp alle meldingane om heimlause katter, og at det i utgangspunktet ikkje er Mattilsynet sitt ansvar å følge opp heimlause katter som er friske og klarer seg greit.

Mattilsynet skal først og fremst forvalte dyrevelferdslova. Det tyder at ho favnar om sjuke og lidande dyr. At ei katt er heimlaus, er i seg sjølv ikkje god nok grunn til at Mattilsynet mistenker at dyret lider. Organisasjonen har ikkje ansvar for å handtere alle heimlause katter.

Kommedal viser til frivillige organisasjoner sin innsats for dyrevelferda, og at Mattilsynet har eit godt samarbeid med desse som gjer at dei kan hjelpe fleire dyr.