SUS forvekslet koronatester

Etter intern svikt ved SUS har korona-prøver blitt forveksla, og tre folk har fått feil prøvesvar, melder Aftenbladet. To personar fekk beskjed om at dei ikkje var smitta, sjølv om prøven var positiv.

Av: Thomas Klakegg

SUS ser ingen grunn til å tru at feilen har ført til auka spredning. Begge dei to som fekk feilaktig negativt svar har vore i karantene sidan prøven blei tatt, og dei har dermed ikkje eksponert andre for smitte. Personen som har fått gal beskjed om at prøven var positiv er den første som blei rapportert smitta i Stavanger.

SUS beklager til dei tre som har fått feil svar, og seier dei kjem til å skjerpe rutinene sine etter at dette skjedde. Dette er det Hans Tore Frydnes, klinikksjef i Helse Stavanger, som seier i eit intervju med Stavanger Aftenblad. Det var den første prøven som blei sendt til folkehelseinstituttet for kontroll, og kom tilbake som negativ. Etter dette gjekk SUS gjennom dei andre prøvane dei hadde tatt, og fann dei to andre feila.

Framleis fem smitta i Stavanger

Trass i at alle dei tre feila fann stad i Stavanger, er det framleis berre fem smitta. Dette er fordi ein av dei to som fekk feilaktig negativt svar, seinare har blitt registrert som koronasmitta.

På landsbasis runda me i dag 100 smitta i Noreg, og er no oppe i 120 koronatilfelle. Dette gjer oss til eit av landa med flest smittetilfelle per innbygger, i verden.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *