Norli sel kort til id: – Ser ikkje poenget

Bokhandelen Norli har i årevis selt kort for einkvar årstid, markering og høgtid. Éin type kort har likevel mangla. I år kjem id-kort i hyllene på Norli. Ikkje alle forstår kvifor.

I år skal Norli teste sal av id-kort, gåvepapir og gåveposar i ca. 50 av 193 Norli-butikkar i landet. Her frå ein Norli-butikk i Nygata i Stavanger. Foto: Elsa Di Valerio.

Journalist: Elsa Di Valerio

Id-kort? Eg forstår ikkje heilt vitsen med slike kort. Me plar ikkje å sende kvarandre slike kort, me gir gåver eller pengar til barna. Kanskje det er meir ein norsk tradisjon å gi kort, og då lage slike id-kort, sier Ali Dello.

Dello er student ved UiS. Han er blant dei over 180 000 muslimane i Norge som skal faste under Ramadan opp mot id. Han kjem ikkje til å kjøpe id-kort på Norli.

Id i år får ein bismak. Dello fortel at enkelte kjem til å dempe feiringa i sympati for folket på Gaza. Det blir vanskeleg å feire når palestinarar på Gaza ikkje har mat, tryggleik eller familie å feire med.

Dello ser fleire kognitive og fysiologiske fordelar ved å faste, sjølv om det blir ekstra lange dagar med eit tungt studium. Foto: Elsa Di Valerio

Tida i Ramadan og opp mot id er veldig familiesentrert. Det kjennast meir einsomt ut når du bur langt frå familien som student. Særleg når du bur i eit samfunn som ikkje markerer det slik som i heimlandet.

Ein bokhandel for alle

Me er ein butikk som speglar folket og religionane i Norge. Det blir naturleg for oss å ta in id-kort.

Runar Fuglestad, butikksjef på Norli i Nygata i Stavanger Sentrum, viser til at dei har selt biblar, koranar, og fleire type kort til bla. jul, konfirmasjon, bryllaup og påske. Å inkludere id-kort blir eit nytt, men viktig tilskot for kundar.

10. mars er startskotet for Ramadan. Ramadan er ein islamsk høgtid der muslimar fastar i ein månad frå soloppgang til solnedgang. Når Ramadan er omme, feirar ein id med mat og gåver. Det er denne høgtida som Eid-korta til Norli skal nyttast til.

Foreløpig har me ikkje fått nokon negativ respons på at me sel desse korta. Korta blir relevante først frå søndag 10.mars.

På høg tid

Markedssjef for Norli, Caroline Heitmann, fortel at varer som Norli tar inn kan spegle verdiar i samfunnet. Ho skriv i ein epost til Utsnitt at Norli har eit særleg ansvar for å ta vare på ytringsfriheit og mangfal. Korta til feiringar og høgtidar som butikken sel, er eit slikt døme.

Kristne høgtidar, pride og samane sin nasjonaldag har vore godt dekka. Andre religiøse høgtider enn dei kristne har hatt liten plass. Det er på høg tid at me gjer noko med dette.

Ramadan skal etter planen starte førstkommande søndag, natt til 11.mars. 9 april kan dei som har kjøpt id-kort dele ut helsingar i høve muslimane si største høgtid.